Restaurant

Restaurant

Hotellets restaurant byr på ei roleg og koseleg atmosfære. Det er til saman 50 sitjeplassar inne i resturanten fordelt på 2 salar, og 34 sitjeplassar på uteserveringsplassen som har tak og varme.

I restauranten vår kan du velje mellom ulike typar kjøt, fisk og andre fristelsar.
Hotellet nyttar seg av lokale leverandørar slik at vi får dei beste råvarene.
Fordi kvaliteten på maten står i fokus hos oss, nyttar vi oss berre av norsk kjøt og fisk.

Frukosten blir servert som buffet i den nyoppussa spisesalen.
Kvar morgon kan du mellom anna nyte heimebaka brød og ein varm kopp kaffe.

Vi strekk oss langt for at du med matallergi skal få nyte eit godt måltid hos oss.
Ta kontakt med oss på førehand, så skal vi gjere det vi kan for å hjelpe deg! Til frokosten kan vi mellom anna tilby heimelaga glutenfritt brød, lavkarbobrød eller laktosefrie brød.

Booking