Bar

Hotellets bar har blitt eit populært opphaldsrom for våre gjestar som ønskjer å slappe av i rolege omgjevnandar, og er ein naturleg stoppestad for lokalbefolkninga.

Baren har alle rettigheiter, og du kan velje mellom eit utval av spanande drinkar,
øl, vin og brennevin. I baren kan du óg mellom anna få kjøpt kaffe, te og mineralvann.

Vi tilbyr òg alkoholfrie drinkar, øl og vin.

Fotball på storskjerm

Hotellets bar er utstyrt med ny storskjerm våren 2015, og kan du sjå direktesendte fotballkampar frå mellom anna UEFA Champions League, fransk toppfotball og den tyske cupen!

På hotellets uteserveringsområde, som har tak og varme, kan du nyte eit smakfullt måltid med noko godt i glasset – kvar dag, året rundt.

Etter kl. 22.00 er det 18-års aldersgrense med leg.plikt.

Velkomne skal de vere!