Velkomen til Nordfjordeid
Nordfjordeid er kommunesenteret i Eid kommune og eit naturleg utgangspunkt for utflukter til dei omliggande kommunane. Bygda er handelssenteret i Nordfjord, med eit rikt tilbod til handlande og kulturinteressserte. Pr. 1.4.2012 er det 5956 innbyggjarar i Eid kommune. Nordfjordeid er eit senter i sterk vekst og utvikling.
Meir informasjon om Eid kommune finn du her.
Nordfjordeid som base
Sentrum Hotell ligg midt i sentrum av Nordfjordeid, og er perfekt som base til dagsturar. Her har ein kort køyreavstand til mellom anna Vestkapp, Selje Kloster, Norsk Bremuseum i Fjærland, Sognefjorden, Geirangerfjorden, Briksdalsbreen og Stryn Sommarskisenter.
I tillegg kan Nordfjord by på fine strender, surfing ved kysten, gode fiskemoglegheitar i elv og sjø og vandring i fjella.
For meir informasjon om praktfulle Nordfjord, sjekk nordfjord.no
På Nordfjordeid finn du ei mengd fritidstilbod og attraksjonar:
– Idrettshall / svømmebasseng
– Riding ved Norsk Fjordhestsenter
– Fiske i elv, vatn og sjø
– Merka turløyper i fjellet
– Sommarshopping
– Eid Kyrkje
– Malakoff Rockfestival
– Opera Nordfjord
– Alpinanlegg og fleire oppkøyrde turskiløyper
– Golfbane
Sjekk veret på Nordfjordeid ved å trykke her.